Rørstadmarka barnehage har avslutta året med ein fellestur til Atlanterhavsparken i Ålesund. For nokre var kanskje bussturen høgdepunktet – der hadde vi god utsikt til vegarbeidet på Lerstad med både gravemaskin og lastebilar, cruise-båtane i sentrum og bykatten som vandra på fortauet.
For andre var det alt som var å sjå, ta på, oppleve og erfare inne i Atlanterhavsparken som var det kjekkaste. Der var det fiskar, sjøstjerner, hummer, ein dykkar som vaska vindu, oter, sel, pingvin og mykje meir. Inne på aktivitetsrommet fekk barna prøve å halde både sjøstjerner og kråkebolle, og ute var det ein artig vannkanal som mange hadde det kjekt med.
Barna sitt «faglege utbytte» av ein slik tur er stort, både språkleg og sosialt. Innhaldet i eit ord som «sjøstjerne», for eksempel, får verdifulle «minneknaggar» som korleis det kjennest ut å ta på, farge, lukt, størrelse og mykje meir. Når vi drar på ein slik tur i lag knyter vi band med felles opplevelser, erfaringar og minner.
Takk for turen!





