Etter ferie og avslapping for store og små er no kvardagen tilbake for dei fleste. I barnehagen kan vi konstatere ein kombinasjon av spenning blant dei «nye» i barnehagen for oppstart og gjensynsglede blant gamle vennar for dei som har gått i barnehagen frå før.
Vi har klart å dokumentere dagar med sol og opplett, men kan slå fast at dagane med regn har vore i overtal sidan oppstarten august. Barna ser likevel vatn som ein ressurs. Det kan brukast til matlaging, sement, søylehopping, skovask og enda meir.
På barnehagen gjer vi ofte på det dagen gir oss. Vi lar oss underhalde av lastebilen til Tine som leverer mjølk, brukar regnvatnet som ingrediens i leiken eller vi pratar om liv og død når vi finn eit dødt piggsvin. Piggsvinet fekk ein fin begravelse og song av Rebekka.
I barnehagen går vi også på tur og utforskar nabolaget, sjekkar ut leikeplassane i nærheiten, plukkar bringebær frå bringebærkratt og lærer reglane i 1-2-3-rødt lys! Vi gleder oss til eit nytt år i barnehagen!

1-2-3-RØDT LYS!


Begravelse av det døde piggsvinet

Plukking av bringebær

