Sol og varme på haustturen vår er ikkje sjølvsagt, men det fekk vi i år! Med Trollskogen som turmål pakka vi med oss ved og pølser i sekken, og labba i veg. Førskulebarna hadde vore oppe tidlegare i veka, laga til grua og sjekka over området. No var alt klart for ein felles tur!
Bålsjefen Kristin fekk mange fine samtalar med barna som hadde alle sansane i bruk. Flammen frå bålet har fleire fargar, både gul og oransje, medan røyken er nesten kvit. Røyken som stig opp luktar bål, men den svir i augo. Vi kunne også høre blafring og knitring frå bålet, og forventningane om grilling kom fort.
Maten smakar alltid ekstra godt på tur!
Trollskogen innbyr til fysisk leik: kan det klatrast, balanserast, byggast hytte og leike «gjømme og leite». Barna syntes også det var kjekt å balansere på balansetauet vi knytte opp, gynge i hengekøyene vi hadde med og fylle ut turbingo.
Før vi gjekk måtte vi slukke bålet. Vi har nettopp hatt brannvernveke i barnehagen, og mange visste at brann kan slukkast med vatn. Barna fekk tømme resten av vatnet frå flaskene sine på bålet før vi rydda opp og gjekk tilbake til barnehagen.
Takk for turen!





