Den siste veka har minusgrader og frost gjort all oppsamla fukt på Sunnmøre om til is og rim. Is er alltid gøy, i alle fall for barna. Og rim kan fungere godt som ingrediens i leik og er dessutan fin å sjå på.
Dei siste dagane har vi fått erfare kva minusgrader gjer med vatn, og at vottar faktisk er gode å ha på. Barna har leika på isen og nokre har smakt på isbitar dei har funne.
I nabolaget vårt er det mange plassar som blir litt ekstra fine å sjå på når det er slikt ver. Vi har gått bort til Raudavatnet, og hatt ein rusletur på fortauet. Førskulegruppa har til og med tatt ein førjulstur med buss til Langevågen der dei besøkte kyrkja.
Eigentleg blir alle lettare til sinns av ikkje å sjå skyer på himmelen og vi synest det er herleg å sleppe å bruke hette.




