Endeleg snø

No har vi venta oss gjennom barfrost og kulde på at snøen skulle dukke opp. I dag kom snøen til barnehagen.

I dag vakna mange blide barn på Fiskarstranda til snø ute. Endeleg kunne vi leite fram akematter og rumpebrett. 

Med noko hjelp frå dei vaksne, fekk barna laga opptil fleire snømenn på scena i skogen. Dersom dei ikkje smeltar bort til Lucia-festen torsdag kveld, ser det ut til at dei også får delta i koret når barna skal synge for foreldre og søsken.