Julegudsteneste i Langevåg kyrkje

I dag var det julegudsteneste for nokre av barnehagane på Sula. Saman med to andre barnehagar, deltok vi på barnehagegudsteneste i Langevåg kyrkje.

Til åpninga av gudstenesta, fekk vi ein fin julesang spelt på piano saman med fiolin. Det med fiolinen gjorde litt inntrykk, for Barbro spelte på fiolinen medan ho gjekk fram i kyrkja, og smilte samtidig til alle barna.

Rørstadmarka barnehage har øvd på sangen"Tenn lys!. Den framførte vi tidleg i programmet på ein strålande måte. Særleg Utegruppa har øvd mykje og kan alle fire versa. I alle fall når Therese dirigerer og viser tegn.

Bussturen var også kjekk. Det blei ein ekstra runde oppom Remane og LIL-tun, på grunn av omkøyring i kyrkjekrysset. Så vi fekk mykje busstur for pengane.