Etter gjentatte ønsker om snø, fann utegruppa ut at dei fekk nøye seg med minusgradar utan snø. Sola fekk dei også helse på, om enn berre i tretoppane. I dag gjekk turen til barnehagen sin naturleikeplass i skogen.
På førehand hadde dei laga deig til pinnebrød på barnehagen. Therese var sjefskokk, og ho hadde mange ivrige hjelparar kring bordet. Dei som ville fekk smake litt på deigen, det var ingenting å utsette på smaken.
Etterpå pakka barna sekkane sine, kledde seg godt med dress og hue før turen gjekk bort til gapahuken. Trine var bålsjef og det var mange som ville hjelpe henne. Sjølvgrilla pinnebrød er kjempegodt.
I området i skogen er det fint å klatre, leike seg og å øve seg på å sage. Her kan alle finne noko dei synest er artig og viktig.