På sjølvaste skuddårsdagen startar utegruppa sitt fotoprosjekt. Kledd etter veret tek dei med seg kamera og går ned til fjøra.
I fjøra er det alltid mykje spennande å studere. Barna finn både krabbar og tanglopper.
Barna får sjølv sjå seg ut nokre motiv dei tenker kan bli bra. Nokre tek bilete av sjøen, tang eller ein båt, andre tek bilete av ein ven. Etterkvart skal barna få vere med på å laste bileta over til datamaskin, før dei vel eitt av bileta dei har tatt som dei vil skrive ut. Etterkvart skal vi få sjå ei fotoutstilling.