Lakenskogen til barnehagen

Tirsdag 22. januar 2013 fekk dei eldste barna bli med inn i "Lakenskogen". Teaterstykket blei spela her i barnehagen. Barna fekk delta i teaterstykket og dei fekk også møte eit "lakenbarn".

Nokre gongar i året får barnehagen besøk av skodespelarar frå kultursekken i Møre og Romsdal fylke. Dei har alderstilpassa opplegg for barna. I dag var det dei eldste barna som fekk gleden av å delta i teater. Fleire av dei mellomstore barna fekk vere publikum når dei eldre skulle framføre eit ørlite teaterstykke dei hadde øvd på.

Skodespelaren i "Lakenskogen" kom inn på kjøkkenet til barna som venta spent på henne. Der kunne ho fortelje at nokon hadde rota i lakena ho hadde pynta med på avdelinga. Ho lurte på om nokon på barnehagen kunne ha gjort det.

Etterkvart kom det for ein dag at ho hadde ein mistanke. Ho trudde at noko eller nokon hadde blitt med i korga då ho pakka sakene sine i dag tidleg. Barna skulle bli med inn på avdelinga og hjelpe henne å leite.

Det var nesten ingen på barnehagen som visste at eit lakenbarn er halvt menneske og halvt troll. Det var det som hadde blitt med i korga hennar, og det var det som hadde rota. Barna fekk hjelpe til med å finne lakenbarnet, og fekk også gøyme seg saman med lakenbarnet. Barna fekk på seg magiske kapper og dei fekk sjå skodespelaren trylle "på ekte".