Marmorering av ark i barnehagen

Tirsdag 22. januar 2013 fann dei vaksne på Marihøna fram maling, vatn, eit vasskar og papir. Saman med barna på avdelinga marmorerte dei papir.

Denne dagen var det kaldt ute. Dei minste barna på barnehagen var inne og kosa seg med malingsaktivitetar. Linda fann fram eit vasskar, fylte det med vatn (allereie der har ho full merksemd frå barna), tilsette maling og leita fram papir.

Den spesielle marmoreringsmalinga flyt oppå vatnet. Barna laga mønster i fargane med ein pinne eller med hendene. Ved å legge eit pairark nedi vatnet, festar malinga seg til arket. Og vi fiskar ut dei nydlegaste arka.