Frosne kummar og tette kar

Torsdag 31. januar 2013 fekk barnehagen besøk av "sugebilen". Vatnet i ein av kummane har frose til is, dermed slepp ikkje nytt vatn forbi. I dag fekk vi hjelp av Slamsug AS til å fjerne vatnet.

Då det lysna ute i dag tidleg, såg vi at sykkelstien hadde nokså høg vasstand. Slamsug AS blei kontakta og vi begynte å vente. 

I fleire timar måtte vi vente, det viser seg at vi ikkje er aleine om å avdekke frosne kummar i distriktet. Desto kjekkare var det for barna då bilen kom. Dei eldste barna fulgte nøye heile prosessen frå bilen rygga inn og til han forlot området.

Det er mykje spennande å sjå for dei som interesserer seg for slike store bilar. Kvar blir vatnet av? Kvifor blir det meir lyd i motoren når suginga startar? Kva er den røyken som dukkar opp midt oppå bilen når den sug vatn? Er alle sugebilar blå?

Etterpå blei styrar oppfordra til å skaffe salt til å tømme ned i kummen. Etter utført oppdrag, gjekk diskusjonen blant barna: Var det salt eller var det krydder som blei tømt nedi kummen?