Snømaling

Mandag 4. februar pakka Utegruppa med seg maling og kost, kledde seg for sluddbyger og satte kursen mot Lømyra. Der fekk barna kvar si rute i snøen dei fekk dekorere fritt.

Mandag hadde vi skoggruppetur til Lømyra. På den gamle handballbana ruta vi opp kvar si snørute til barna. Etterpå gjekk barna i kast med å male si rute.

Vi fann ut at det er utruleg kaldt å male utandørs i sluddbyger. Men likevel var det så kjekt å sjå korleis det var mogleg å sette farge på snøen, erfare korleis ein måtte håndtere underlaget med penselen og sjå korleis fargen trekte seg ut i snøen. Nokre av barna laga konkrete bileter, andre slo meir inn på dryppe- og spruteeffektar.

Etter denne turen, gjekk vi tilbake til barnehagen og åt der. Inne i varmen. Vi fekk i oss varmen medan barna fekk gjenkalle og gjenfortelle noko frå turen. Det skreiv vi ned, slik at vi nesten fekk ei eiga historie.