I den siste tida har produksjon av trollkostyme stått i fokus, eit lavterskelantrekk i form av skjorte med lappar og ein feiande flott trollhale med dusk. Fram til i dag har halebruken i barnehagen vore avgrensa til øving og prøving, men i dag var det fri bruk.
Etter sambatog for alle i barnehagen rundt omkring barnehagen, enda vi opp på scena i skogkanten. Alle gruppene hadde øvd inn eit nummer dei viste fram for dei andre småtrolla i barnehagen.
Nedi eine hjørnet på uteområdet fann vi to båltroll som hadde som oppgåve å passe bålet pluss koke trollgryte til barna. Nokre småtroll hjalp visst til. Trollgryte med ketsjup var veldig populært og smakte veldig godt.