Ski- og akedag i barnehagen

Fredag 15. februar 2013 gjekk årets ski- og akedag av stabelen. Med godt humør, god glid og deilig pølse kokt over bålet fekk vi ein strålande tur.

Kvart år prøver vi å få til ein felles ski- og aketur for alle barna i barnehagen. Då pakkar vi med oss bålstativet, fyller sekken med pølser, lånar nummarvestar frå Sparebanken Møre, får barna til å møte i barnehagen med ski eller akebrett, og så sett vi kursen mot Lømyra.

Nede på flata hadde vi skiløp, her hadde vi berre vinnarar. I bakkane omkring var det aking. Pølsegryta over dei levande flammane er alltid eit koseleg samlingspunkt. Vi hadde ein kjekk dag.