Madeleine har funne fram ei av favorittbøkene til barna. Det tek ikkje lang tid før barna samlar seg rundt henne og boka. Dess betre barna kjenner historia, dess meir engasjerte blir dei.
Høgtlesing for barna har meir enn ei underhaldande side. Vi ser på lesing for barna som ein viktig del av barnets generelle språkutvikling og brukar det flittig i alle barnegruppene. Høgtlesing gir mellom anna barn trening i å lytte, konsentrere seg om å hente ut historia og følgje med på samanhengane.