Kyllingar i barnehagen

Eit sikkert "snart påske-teikn" i barnehagen er når det dukkar opp kyllingar. Dei blir ruga fram i barnehagen si rugekasse. Det er alltid stor spenning knytt til denne prosessen.

Mandag 18. mars var det liv og røre i rugekassa allereie frå morgonen av.To kyllingar hadde allereie hakka seg ut av egga sine, ein dag før tida. Fram mot tirsdag dukka det opp 9 kyllingar til. Nokre svarte, nokre brune og ein gul.

Medan kyllingane budde her i barnehagen hos oss, heldt dei til i ei eske på badet. Fleire gongar om dagen blei dei studert og kosa med av barna. Ved hentetid var det ekstra kjekt for barna å vise fram dei søte kyllingane til foreldra sine.

Kyllingar veks fort og dei har allereie flytta ut av den vesle kassa si og fått betre plass.