Tur til Trømyra

Mandag 6. mai 2013 gjekk avdelinga Bikuba til leikeplassen Trømyra. Der fekk dei helse på vennar frå i haust: snegler og skrukketroll.

Vi har mange fine turmål i barnehagen sitt nærområde. Leikeplassen på Trømyra er eit av desse. Barna likar denne leikeplassen godt. Særleg når gamle vennar har kome fram. Sneglar og skrukketroll har kome fram etter den lange vinteren.

Barna på Bikuba hadde eit lengre prosjekt med skrukketroll i haust. Derfor var det nok særleg artig å sjå dei att.

Barna bestemte seg for å bygge hus til skrukketrolla og sneglane som dei fann. Dei la mykje arbeid i huset, så skuffelsen var ganske stor då dei oppdaga at dyra hadde rømt medan barna åt lunsj.