Utrusta med bøtter, spader, hov, solkrem, handduk og nokre klesskift, sette Humla kursen mot Skjeret. Det er eit lite stykke å gå, men det blir gløymd så snart barna fordjupar seg blant steinane i fjøra.
Det var lett å finne krabbar. Dei blei fanga i bøtter og spann, men slapp ut igjen med skrekken då det var på tide å gå. Mange av barna vassa i det litt kalde vatnet. Tangloppene skvatt unna etterkvart som steinane blei løfta på.
Barna blei igrunn ikkje ferdige med å leike. Men til sist måtte dei likevel avslutte og returnere til barnehagen.