Sommardagane i barnehagen er litt spesielle. Mange barn og vaksne er ute i ferie, medan gruppene på barnehagen blir slått saman i litt uvante samansetningar. Barna leikar med andre enn dei vanlegvis gjer.
Medan vi ventar på dei store sommartemperaturane, har vi det veldig kjekt på tur, sjølv om det er med "langarma". For dei aller minste barna er det kjekt å få bli med dei som er litt større ut på tur.