Etter sommaren er det utruleg kjekt å kome tilbake til barnehagen og treffe store og små, sommarbrune ansikt under store regnhetter.
Vi har også gleda av å bli kjent med heilt nye barn som startar ved barnehagen.
Desse første vekene etter sommaren legg vi vekt på at barna skal bli kjent med avdelinga si, barna og dei vaksne. Vi prøvar oss gjerne på nokre småturar dersom vi ser at barna er klare for det.
Elles har vi ikkje gitt heilt opp trua på sol og sommar. Vi reknar med vi skal få mange varme og fine dagar framover.