Ved barnehagen har vi i starten av februar eit ekstra fokus på prinsar og prinsesser, dronningar og kongar. Barna skal lære noko om korleis det heng saman her i Noreg, og vi får eit møte med prinsar og prinsesser gjennom eventyr.
På "faktaposten" set Kristine og Jorunn oss inn i det norske kongehuset. Dei fleste barna kan hugse at kongen vår heiter Harald, men at han er gift med Sonja er verre å hugse. Mange opplever det også som litt innvikla at Ingrid Alexandra sin far er Haakon Magnus og ikkje kong Harald.
På dramagruppa går barna inn i eventyret om Tornerose, og korleis prinsen ordnar opp. Barna kler seg ut og lever seg inn i eventyret. Nokre av barna er likevel glad dei får rolla som hekk.
På formingsgruppa lagar barna kroner med falske diamantar som ser heilt ekte ut.
Små og store ved barnehagen har hatt det veldig artig og lærerikt desse dagane. Neste veke har vi karneval i barnehagen med "kongehus" som tema. Vi har tenkt at kronene blir ein sentral del av antrekket den dagen.