Kyllingar til påske?

Etter nøye utrekningar og telling av dagar i kalenderen, la vi egg i rugekassa tirsdag 6. mars. Dersom alt går etter planen skal egga klekke tirsdag 27. mars.

I Rørstadmarka barnehage er det ein tradisjon at vi legg egg i rugekassa før påske. Vi får tak i egg frå lokale "småbønder" med hønsegård, og med ein hane som er i form.

Det er spennande å følgje med på prosessen, sjølv om barna synest den kan bli litt langvarig. Fleire foreldre har fått omvisning av barna sine. Barna kan fortelje at egga må ha det varmt og at ein må vere forsiktige med dei.

Dei barna som har gått i barnehagen nokre år, veit at det brukar å kome kyllingar til slutt. Men vil dei greie å finne på nok kyllingnamn? Hittil har det kome inn forslag frå barna om Kasper, Jesper, Jonatan og tante Sofie.