Årets hausttur gjekk til "Trollskogen" som ligg litt inn i skogen, eller "Markane" i nærleiken av barnehagen. Dei ulike gruppene valte sin veg til turmålet, nokre gjekk om Lømyra, andre gjekk stiane gjennom skogen frå Ferdahaugen.
Utegruppa hadde stelt så fint i stand med oppslått lavvoo og panne med pølser som blei kokt over bål. Det er svært stemningsfullt å samlast kring bålet. Dessutan smakar bålkokte pølser heilt spesielt godt.
Ute i skogen er det mange spennande pinnar å finne. Barna bygde hytter, lagde liksom-bål og fann seg ulike våpen. Nokre barn fann blåbær som dei smakte på, og andre trekte seg litt bort for å få leike eller prate i fred.
Når heile barnegruppa (minus dei aller yngste barna på småbarnsavdelinga) har ein slik felles tur, får dei ei felles oppleving og dei får bli litt betre kjent med barn dei kanskje ikkje leiker så mykje med til dagleg. Mange har søsken på andre grupper som det også er kjekt å dele slike opplevingar med. Vi er elles svært nøgd med at veret var så fint og mildt.