Barnehagen 10 år!

Torsdag 31. oktober 2013 kunne Rørstadmarka barnehage feire sine 10 første år. Barnehagen blei pynta med ballongar og glitterband til den store dagen. Personalet og barna stilte med festantrekk og partyhatt.

På svært kort tid har Rørstadmarka barnehage blitt 10 år. Ein festkomitè la planane for dagen og deligerte oppgåver til dei andre. Vi hadde ein bursdagsfest for barnehagen der barna som går i barnehagen i dag skulle vere i sentrum.

Denne dagen var det åpent hus mellom avdelingane. Barna sirkulerte mellom dei ulike leikestasjonane som var laga til. Disco-rommet, bilkroken og barbiekroken var populære. Mange syntes det var kjekt å gje seg til inne på småbarnsavdelinga, medan andre gjekk for å besøke "Pulverheksa" som hadde førestilling på Bikuba. Pulverheksa er ei snill heks frå ei populær barnebok. Denne dagen var det Linn som hadde kledd seg ut som heks og framførte stykket om Pulverheksa og vennane hennar. Linn hadde alle rollene, barna var trollbundne.

I tillegg til Pulverheksa, fekk barnehagen besøk av Tare. Tare er ein stor og mjuk sjøhest, han deler ut små gåver frå Sparebanken Møre, men pratar ikkje. Det viste seg at Tare beherska disco-dans. Å få Tare på besøk var eit populært innslag for dei aller fleste barna, sjølv om nokre av barna var ganske skeptiske til denne digre blå "bamsen" som kunne gå rundt som eit menneske.

Denne dagen fekk vi maten levert på døra. Tapas, pastasalat og andre godsaker til lunsj, og ei herleg kake til dessert. Små og store rapporterer om ein strålande bursdagsfest for barnehagen.