Adventsamling i barnehagen

Fredag 29. november gjekk sesongens første adventsamling av stabelen. Det var stemningsfullt med alle barna samla på fellesrommet.

I Rørstadmarka barnehage har det blitt ein tradisjon at vi har felles adventsamling ein gong i veka fram mot jul.

Denne første adventsamlinga var det avdelinga Bikuba som hadde ansvaret for. Wenche fortalde litt om adventstida, tente lys og drog igang allsang. Ei hyggeleg stund for alle, både dei heilt små, dei mellomstore og dei aller største.