Mot slutten av desember brukar vi å ha nissefest i barnehagen. Denne dagen er dei fleste små og store ganske "nissete". Med raude klede og nisselue var alle klar til nissefesten.
Barna i barnehagen blei delt i to grupper. Medan den eine gruppa gjekk rundt juletreet og sang julesangar, fekk den andre gruppa ei samling med Trine. Av henne fekk dei høre historia om barna i Bakkebygrenda som skulle feire jul.
Etterkvart blei det på tide med ein matbit, "julegraut" stod på menyen. Brått kom sjølvaste julenissen på besøk. Han hadde med seg ein sekk med gåver i. Nokre syntes at julenissen var litt skummel, særleg dei yngste barna. Men dei fleste fryda seg over dette festlege innslaget.