Tur til Ålesund

Utegruppa har vore på Ålesund tur. Der besøkte vi både Jugendstilsenteret og Kube.

Torsdag 23 januar pakka vi sekken og reiste på langtur. Vi tok buss til Langevåg og båt vidare til Ålesund. Vi har lært om bybrannen i Ålesund og fekk sjå bilete og film frå korleis byen vart bygd opp igjen i jugendstil. Vi besøkte også kunstmuseumet Kube, der fekk vi høyre historier og fekk sjå på ulik kunst. Alle fekk lage seg kvar sin "drømmefanger". 

Det var ein fin tur med mange inntrykk.