Skyhøge forventningar frå barna til dagens karnevalsfest strømma mot personalet som tok imot barna i dag tidleg. Barna har saman med personalet laga pirat-antrekket dei siste vekene. Med ein slik "low-stress"-modell for foreldra, har dei berre behøvd å ta med ei litt stor svart eller kvit t-skjorte til barnehagen ei tid før karnevalet.
Ute på barnehagen sitt område blei det arrangert skattejakt for barna, ulike aktivitetar og leikar, eit festmåltid (pølse med brød) og teaterforestilling av personalet. Linn, Wenche og Sofie gjorde ein overbevisande opptreden som Pinky, Kaptein Sabeltann og tanta til Sunniva / forteljar.