Barna ved avdelinga Humla har ikkje noko imot å gje desse ungdommane ei innføring i korleis det er å jobbe i barnehagen. Kvar dag deltek gutane i aktivitetane avdelinga har planlagt denne veka.
Så langt har dei fått prøve å lage smykker, teikne og pusle, leike med lego, lest bøker, aka i akebakken, trilla store snøballar, gått på tur, mekla i konflikter, plastra 6-7 sår, prata om smått og stort, deltatt i rolleleik og mykje meir.
Barna på avdelinga vil berre såvidt heim om dagen, og nokre av barna har informert foreldra sine om at dei er "ekte ungdommar"!