Klekking av kyllingar i barnehagen

Tradisjonen tro har Rørstadmarka barnehage klekking av påskekyllingar i denne tida før påske. Det er veldig spennande å følgje med på.

Heilt sidan oppstarten av barnehagen i 2003 har vi hatt rugekasse i barnehagen i vekene før påske. Det er nøye utrekna kva dag vi legg i egga, det tek 21 dagar å ruge ut kyllingegg dersom temperaturen er rett.

Nytt av året var at vi monterte eit web-kamera inne i kassa. Slik kunne vi følgje med "live" utan å lette på lokket heile tida. Etter at kyllingane er klekka ut, ligg dei ei stund i rugakassa før dei får flytte inn i ei anna kasse.

Så langt har vi fått 9 kyllingar. Ingen gule så langt, berre svarte og brune kyllingar.