Påskekyllingar i barnehagen

Barna og dei vaksne på barnehagen hørte at det peip og krafsa i rugekassa på barnehagen i dag. Det var ikkje ein dinossaur som hadde kome ut av egga, som eit av barna foreslo, men fleire svarte og gule kyllingar.

I løpet av natta har dei første kyllingane hakka seg ut av egga sine. Eller snarare saga seg ut med eggtanna si. Tre søte kyllingar møtte tidlegvaktene då dei kom på jobb i dag.

Dei eldste barna i barnehagen har vore med på dette før. Dei veit at kyllingane kan pipe inne ifrå egget. At kyllingane har eggtann frampå nebbet som dett av etter eit par dagar. Og dei hugsar at kyllingane dei tidlegare åra har vore gule og svarte.

For dei litt yngre barna er undringa stor over at det kjem levande kyllingar ut frå egga, sjølv om dei har hørt snakk om det. Då assistenten spurte guten på snart tre år "ka du TRUR som he komt ut av egga?", fann guten det heilt sannsynleg å foreslå "en DINOSAUR?!!?".

Det har kome fleire kyllingar til i løpet av dagen. Etterkvart som kyllingane tørkar og har kome seg til hektene, flyttar vi dei over til ei kasse som står klar.