Denne gongen var det Bikuba som sette av dagen til ein tur på Skjeret. Det er eit lite stykke å gå, men med gode sko, fint ver, artige voksne og spennende ting langs vegen er turen fort gjort.
Og i det vi er framme er både sko, vaksne og veret gløymt. Barna leitar fram bøtter og spann, lettar på steinar, tang og anna rart. Plukkar opp krabbar, tanglopper og fine skjell. Samlar det i bøtter, samanliknar funn medan dei tell antal bein og studerer ulike former.
Dette er meiningsfullt!