Ny sand til barnehagen.

I dag fekk barnehagen levert eit lass sand. Barna kunne knapt TRU det var sant! Ikkje nok med at mengden var massiv. Lastebilen rygga faktisk inn porten og fekk tømt lasset til jubelen frå barna.

Med ujamne mellomrom treng barnehagen påfyll av sand. Denne underhaldningsforma er alltid ein suksess. Her får vi både stor bil, spaninga med å sjå lastebilen rygge inn og eit heilt sandfjell barna kan boldtre seg i heilt til dei blir henta.