Barnehagen er flittig brukar av skogane nært barnehagen. "Trollskogen" er eit av dei turmåla vi flittig oppsøker gjennom året. I år gjekk vi dit på vår hausttur.
Trine var bålsjef, ho hadde heile tida besøk av barn som studerte flammane. Når bålet endeleg var klart til å bli grilla over, smakte grillpølsene i brød heilt fortreffeleg.
"Trollskogen" består av mange høge furutre. Etterkvart blei det litt vind, det var spennande å sjå dei høge trea svaie i vinden.
Vi hadde ein svært kjekk tur.