Snøkyllingar i barnehagen

Tretten ekte kyllingar i barnehagen har inspirert vaksne og barn i uteleiken. Med kram nysnø, sterke vaksne, ivrige barn og mykje gulmåling fekk vi fram to kjempekyllingar.

Barn og vaksne deltok ivrig i arbeidet med å forme og dekorere to store påskekyllingar utføre barnehagen. Det er rapportert om svært kram snø, snøballen blei kjempestor på berre ein kort rulletur.

Vekta på snøballen (magen) til den største kyllingen bestemte plasseringa til kyllingen. På det tidspunktet var det ikkje heilt avklara kva sluttproduktet skulle bli. Etterkvart kom det fram gode idear og kylling vart det. Ein såg at det faktisk kunne vere greitt med to kyllingar. 

Bileter av prosessen ligg tilgjengeleg for føresette ved barnehagen.