Førebuing til førjulstida

Det dreg seg til mot desember. Nissar, juleprat og julekakebaking er i ferd med å velte innover oss. Barnehagen tek grep.

Heile desember er eigentleg veldig "julete" i Rørstadmarka barnehage. Kvar fredag har vi fellessamling for alle barna i barnehagen med eit juletema. Vi skal lage julegåver, ha luciafeiring og ha nissefest.

No skal det meste vere klart og ligge tilrette for ein slik desember i år også. Juletre, lulelys og adventsstjerne er på plass. Vindua er mala med julemotiv og juksegaver er plassert under treet.