I dag tidleg kom vi til barnehagen på bare vegar og med regn i lufta. Stor blei jubelen då det lysna av dag: Det snødde ute!
No i desember har vi så mykje spenning inni oss på grunn av adventskalender, julegåvelaging og tanken på julaften. Lucia-fest med baking av lussekattar ligg bak oss, men nissefesten er i vente. Det var derfor ekstra godt å få snøen til ei avveksling.