Nissefest i barnehagen.

Årets nissefest i barnehagen er godt i gang. Ingrediensane i år blei nokså likt fjorårets: nisseklede, julesangar, gang rundt juletreet, lesestund, nissegrøt, nissebesøk og nokre nisseklemmar.

Barnehagen kokar av små og store nissar i dag. Vi har heile skalaen frå blånisse til raudnisse, via fjøsnisse. Barna gleder seg stort over at dei vaksne synest det er heilt fint å gå rundt eit tre og syng julesangar.

Etterkvart fekk vi besøk av julenissen. Han (eller ho som nokre av barna hadde mistanke om) kom gående til barnehagen. Barna såg nissen på veg inn. Han sa han hadde gått i heile dag, og at han til vanleg bur på Sulafjellet. På spørsmål frå eit barn om det er like kaldt der som på Nordpolen, kunne julenissen bekrefte det.