Vinter i barnehagen.

I slutten av desember var vi så heldige å få masse snø! Dei siste dagane har vi kjempa mot pluss-gradane, men vi har greid å drive noko kreativ forming med snøen.

Etter jul var det mange som fekk prøve både ski og akebrett i den djupe snøen som la seg. Ettersom dagane gjekk og det nærma seg oppstart i barnehagen etter nyttår, kom pluss-gradane. Heldigvis kan ein lage mykje fint med kram snø. Denne gongen ser det ut som snømannen Bustebartepinn har vore på besøk i barnehagen.