Den siste tida har Utegruppa vore travelt opptekne med å førebu stykket om Geitekillingen som kan telle til 10. Det har blitt laga kulisser og kostymer innimellom øving og lesing av den kjekke boka.
Det har blitt rom for mange refleksjonar kring uttrykk som "sjølvaste bjellekua", "bikkja" og "purka". Barna har bytta litt på å inneha dei ulike rollene. Nokre trekte seg frå rollelista i siste liten, medan andre heiv seg frampå i siste liten.