I den brukarvennlege karnevalsavviklinga ved Rørstadmarka barnehage, der alt blir laga og tatt hand om av barnehagen, var det einaste ei kvit trøye barnehagen måtte be om å få av foreldra. Etterkvart som trøyene kom i hus, starta produksjonen av karnevalsantrekket til barna.
Dei ulike gruppene valde sin framgangsmåte og tilnærming til temaet, men alle sette farge på trøyene.
På sjølvaste karnevalsdagen fekk barna tilbod om ansiktsmaling som suplement til antrekket. Nokre hadde laga flotte masker, andre hadde halar eller fine snablar.
Dørene mellom avdelingane på barnehagen blei åpna, og i dei ulike romma kunne barna velge mellom aktivitetar som lesing av "Tinga-Tinga"-bok, leiking med dyr, studere fakta i "faktakroken", sjå på film av "Tinga-Tinga", danse i danserommet eller rett og slett "vanleg leik".
Til slutt blei alle barna samla for å få slått "katta ut av sekken". Dei yngste barna fekk begynne å slå, dei eldste barna som går på Utegruppa var dei siste som fekk slå. Til slutt ramla det ut ei kjekk maske til kvart barn.
Det var ein fornøgd gjeng som nytte kvar sin hamburger til lunsj, før dei kledde på seg og gjekk ut i snøen for å leike.
Faktakrok
Filmrom
Danserom
Vanlig leik
Katta i sekken
Fine masker