I alle år har vi før påske ruga fram kyllingar i rugekasse på barnehagen. Kvart år er spenninga stor på om vi lukkast i prosjektet. Dei vaksne på barnehagen er minst like spente og engasjerte som barna. Vi trur til og med mange av foreldra let seg rive med.
I år la vi 20 egg i rugekassa. Vi har passa nøye på temperatur og luftfuktigheit i kassa. Så langt har vi fått to kyllingar.
Allereie mandag morgen blei tidlegvaktene møtt av den gule kyllingen då dei kom på jobb. Den sat mellom dei 19 uklekka egga i rugekassa. Fleire av barna meiner den heiter Martin. I dag kom den svarte kyllingen ut.