Sommartur til Atlanterhavsparken

I år som i fjor la vi sommarturen til Atlanterhavsparken i Ålesund. Med store og små fylte vi to bussar og la i veg. Vi fekk helse på selane, pingvinane, ei mengde ulike fiskar, krabbar, hummer, skilpadder og mykje meir. I tillegg til å leike på det kjekke uteopmrådet, sjølvsagt.

Det er alltid litt spenning knytt til årets sommartur. Vi fordeler oppgåver på førehand og er godt førebudd. Det var likevel ganske spennande om Borghild skulle greie sitt oppdrag: Ordne med veret.

Ved Atlanterhavsparken gjekk vi for å sjå på selane og pingvinane. På uteområdet finn vi også ei stor sklie, ei sandkasse med eit nedgravd skjelett og eit sindig kanalsystem barna kan demme opp med spesialtilpassa plater. Vatnet tiltrakk seg mest merksemd frå barna, i alle fall rekna i tid.

Inne på akvariet fekk vi i aktivitetsrommet prøve å fiske krabber, og vi fekk prøve å halde både sjøstjerner, kråkeboller og krabbar. I dei ulike akvaria fekk vi studere hummar, krabbar, blekksprut, havål og ei mengde ulike fiskeartar. 

Vi avslutta besøket vårt med å sjå på dykkarshow med foring av fisk. Før vi bussa heim til Sula. Klokka 13.56 traff dei første dråpane frontruta på bussen. Borghild hadde greidd oppdraget sitt!