Blåbærtur

Sunnmøre har ikkje vist seg frå si mest sjarmerande side så langt denne sommaren, kva veret angår. Men fin natur med fristande blåbær, det har vi!

I dag gjekk barna i barnehagen tur til barnehagen sin naturleikeplass. Der fann vi mykje modne blåbær. Det var mange bær som ikkje var heilt modne enda også. Det blir nok fleire blåbærturar dei neste vekene.

Vi fann ein skjønn frosk i skogen. Den prata vi litt med før vi slapp den fri.

Det er alltid kjekt å leike i skogen. Balansestokken og slenga, eller dissa, er veldig populære. I tillegg til den store nota som er spent opp mellom trea.