Barn og vaksne kosa seg stort i vasskanten. Barna viste meir mot til å vasse enn dei vaksne i det kalde vatnet. Medan dei vaksne stikk tåa uti vatnet for å vurdere temperaturen, ser barna opp for å finne ut om sola skin.
Vatn er uansett gøy å leike både i og med. I sanden laga dei ein kanal som vatnet kunne renne i, og eit sandslott blei konstruert.
Store og små fann også mykje blåbær i lyngen. Og fine tre som kunne klatrast i.