Uvanlege fiskar i barnehagen

Ein hyggeleg fiskarmann leverte nokre fisk til barnehagen som vi skulle få studere nærmare. Det var skate, pigghå og nokre fleire spennande fiskeslag.

Det hender frå tid til anna at vi får eit spennande oppdrag "rett i fanget". Ein dag fekk barnehagen plutseleg tilbod om å få fleire spennande fiskeslag som vi kunne studere.

Og studie blei det. Vi fann ut kva slags fisk vi hadde fått, vi kjente på fisken. Fann ut kva som var inni fisken, og kva den hadde ete. (Den eine hadde ete ein annan, litt mindre fisk!) Vi studerte også fiskeauget.

Ei lærerik økt for store og små!