Den første frostdagen

Vi skriv 18. november 2015 og noterer oss at den første skikkelege dagen med frost er her, (minus 0,1 grader). Barna gleder seg over fenomenet, det er knapt til å tru at is dukkar opp av seg sjølv. Tjukke dressar, lue og sherrox høyrer med til grunnuniforma i dag, mange skjønnar etterkvart kva som var lurt med vantar også.

I dag blei eg møtt i porten av eit strålande barn: -Kristin, det er IS i barnehagen i dag! Og eg har smakt på den! Eg seier noko om at ein ikkje et is som ligg på bakken, men blir motsagt med det største smilet: - Jo, vi GJER det!

Dette er heilt klart ein verden der vaksne har vanskeleg med å forstå logikken. 

Dei barna som fekk tak i "fersk is" i dag, fekk opp store (tynne) flak på kanskje15 cm i diameter. På slutten av dagen var dei største bitane nede i 4 cm i diameter. Effektivt brutt ned av barnehander med bøtte og spann og andre hjelpemidlar.

Det er klart at barna gjer seg klare til vintermodus.