I heile desember tok vi imot så mykje regn at det nesten blei litt for mykje. Nissefest, julegåveproduksjon, julevandring og så vidare blei toppa med julaftan, romjul og nyttårsaftan.
Det var med lette bein denne gruppa la ut på tur i det fine vinterlandskapet som Sunnmøre kan by på i dag. Gjennom "markane", som eigentleg er ein stor skog, gjekk dei på råser og stier inn til Gjølevatnet. Det er eit kjent turmål i skogen for ein gjennomsnittleg fiskarstrandar.
Ved Gjølevatnet åt dei nistepakka si medan dei såg utover vatnet som var dekt med is og snø. Det gjekk dyrespor over isen, sikkert rev. Etterpå leika dei "stiv heks", før dei gjekk tilbake til barnehagen gjennom den vinterstille skogen.
Stiv heks
På tur gjennom skogen