Dei siste dagane, kanskje særleg i natt, har det kome meir snø enn vi trur det kom heile førre vinter.
Utrusta med spader, akematter og rumpebrett inntok barna barnehagens uteområde med store smil. Barna har aka i akebakken, bygd snøhuler, prøvd å "disse" i dissestativet, hoppa ned i den djupe snøen og av og til tatt ein pause der dei har lurt seg til å ete litt av snøen.
Vi har hatt ein herleg vinterdag!