"Blekkulf" er tema ved karnevalsfeiringa i barnehagen i år. Dei siste vekene har barna blitt kjent med denne kjekke miljødetektiven som har greidd å fenge så mange barn opp gjennom åra. Dei har også blitt kjent med dei andre i Blekkulf sin omgangskrets som Rokkerolf, Pelle, Krabbelars og Sprelline. Barna har fått høre historier om dei, sett film, teikna, mala og laga enkle kostymer.
Etter sambatog og dans, får barna sirkulere i barnehagen og velge mellom høgtlesing, fargelegging, film og dans, alt innanfor rammene til Blekkulfverden. Til slutt samlast alle på kjøkkenet igjen, der "Katta i sekken" skal ut. Dei yngste barna får slå først, og dei eldste til slutt. Litt forundra blei barna over at det berre ramla ut ballonger og ein beskjed frå Blekkulf. Barna fekk kvar sitt forstørrelsesglass slik at dei kan hjelpe Blekkulf med å vere miljødetektiv. (Det var dei vaksne på barnehagen som tenkte at det kunne bli slått istykker om det lå inni piñataen.)
Til lunsj fekk barna ein variant fiskeburger. Det slo godt an hos dei fleste barna. Sjølv om lange blikk blei kasta etter bollane på benken dei skulle få litt seinare.